Bridgekalenderen

(klikk på datoane i lista for enkeltkveldar)

Alle resultat frå Bridgefestivalen 2018 finn de her.

Terminlista for Klepp BK Hausten 2018 er nå klar

Sommaren er snart over og det betyr at mange kjekke turneringar står for døra.
Er du rask rekk du enno å melde deg på til Lyngdal-turneringa 18.-19. august. 15. september er det KM-Mix på Bryne (kolliderer desverre med Bridge i havgapet i Austevoll), 6.-7. oktober går Scandic Maritim Cup av stabelen i Haugesund og 20.-21. oktober er det tid for Nærbøgiganten. Du kan melde deg på alle desse turneringane her.


Om nokon føretrekkjer resultata frå klubben i det nye formatet finn de desse her.
Merk at sida er svært tung å laste - tilsvarande alternative lenkjer til andre klubbar finn de her.

I Klepp bridgeklubb kan du betale spelepengar og kioskvarer med smarttelefon og Vipps.


Sommarbridgen starta tysdag 8. mai og det blir sommarbridge kvar tysdag unnateke 2-3 kveldar i månadsskiftet juli-august fram til haustsesongen startar 11. september.

Resultat vårturnering: 1. kveld 3.4. - 2. kveld 10.4. - 3. kveld 17.4. - 4. kveld - 24.4 - Samanlagt (merk at bare par med minst tre spelte kveldar får teljande samanlagtresultat)

Resultat KM-par/NM-par kvalik 21.4.

Landsresultat simultan 10.4.
(dei 8 første rundane på Klepp samanlikna her)

Resultat KM-singel 6.-7.3.
Klubbmeisterskapet starta 16. januar. Går over 9 kveldar t.o.m. 20. mars (pause i vinterferien) - sjå terminliste. 7 kveldar tel samanlagt - stedfortrederreglementet gjeld.
Resultat: 16.1. - 23.1. - 30.1. - 6.2. - 20.2. - 27.2. - 6.3. - 13.3.20.3. - Samanlagt

Klepp 2 tapte 5. runde-kampen i Bergen og med det er alle Klepp-lag utslått. Vi takkar alle lag og spelarar for innsatsen i NM for klubblag!
Resultat Dalanetreffen 2018. John Helge Herland - Thea Hove Hauge vann, vi gratulerer!

5. runde i NM for klubblag er trekt. Klepp BK 2 (Ingvar, Rebekka, Jomar og Dag Inge) må til Bergen for å møte BAK 1 (Christian Bakke, Bjørn Olav Ekren, Arild Rasmussen, Bjørn Bentzen, Thomas Charlsen og Jonny Rasmussen)

Resultat kveldsturnering med handikap 13.2.

Dei som føretrekkjer resultata med ny visning finn dei her: http://www.bridgekrets.no/Kretser/NBF-Rogaland/Klubber/Klepp-BK/Resultater

Seriemeisterskapet er ferdigspelt. Rogaland 1 (Hauge) vann 1. divisjon og vi gratulere. Rogaland 2 (Skimmeland) berga plassen i 1. divisjon etter ein god siste kamp og endte til slutt på 7. Rogaland 3 (Reve) endte "midt på treet" på 6. plass i si 2. divisjonspulje.
Dette betyr at NBF Rogaland neste år har 2 lag i 1. divisjon, 2 lag i 2. divisjon og heile 12 lag i 3. divisjon.
Alle resultat kan de finne her:
http://www.bridge.no/Turneringer/Seriemesterskapet/2017-18/Oppsett-SM-2017-18/Resultat-kampoppsett
Resultat seriemeisterskapet i puljer med Rogalands-lag: 1. div. - 2 div avd A  - 3 div. avd H, Bryne - 3. div. avd. G, Haugesund -  4. div. Bryne.

NM for damelag og NM for veteranlag blir spelt på Sola 10.-11. mars. Det burde vel leggje til rette for mange lag frå kretsen?


Årsmøte 9. januar:
Innkalling - Årsmelding - Rekneskap - Budsjett
Daniel Ueland blei vald som ny leiar, elles held styret fram som i fjor.

Ny deltakarrekord (19 bord) på simultanturnering 9.1. Resultat lokalt - landssamanlikning.

Husk KM-lag på Bryne lørdag 13.1., 10 lag påmelde onsdag, men plass til fleire


Resultat romjulsturneringane: Flekkefjord, Stavanger, Ganddal


Resultat Simultanturnering  5.12.: lokalt - landsbasis

Eli og Ivar vann førjulstuneringa. På tredje Dag Inge og på delt 4. Thea og John Helge. Heile resultatlista her (klikk på datoar øvst i lista for enkeltkveldar).


Resultat simultan 24.10.: Lokalt - landssamanlikning

Ståle Frøyland - John Helge Herland vann den 34 par store Nærbøgiganten 21.-22.10., på andre Mona Lindstrøm - Geir Brekka og på tredje Jim Høyland - Simon Eileraas. Heile resultatlista her. Dei som heller vil ha den nye resultatvisninga finn den her.

Haustturnering - IMP across the field, fekk delt 1. plass av Eli og Ivar, på delt 3. Ørjan og Jomar og på 5. Reidar Lerbrekk. Samanlagtliste (poengserie plassiffer)  - klikk på datoar for kveldsresultat.

Fred Arne Moen - John Helge Herland frå Klepp BK vann Haugeturneringa  14.10. - sjå heile lista her.

Resultat: NM-parfinale - Ope U-16 junior KM og KM-Veteran

Simultan 12.9 - lokalt - landsresultat

Sommaren 2017 og sommarbridgen på Klepp er over. Samanlagt resultatliste (poengserie) her - klikk på datoar øvst i lista for enkeltkveldar. John Helge Herland vann samanlagt, på andre Jan Fjælberg og på tredje Ivar Magnus Anfinsen.

KM-Mix blei spelt på Bryne 2. september. 26 par deltok.
Kretsmeistar blei Anne Lise Fjælberg - Espen Anfinsen - begge (sjølvsagt) medlemmer i Klepp BK. Vi gratulerer!
På andre plass fjorårsmeistrane Per Ove Egeli - Maiken B. Skaaren og på tredje gjester frå nabokretsen Helge Svendsen - Tone Torkelsen Svendsen.
Heile resultatlista her
.

Resultat Vårturnering (5 kveldar - 4 tel) klikk på datoane øvst i lista for enkeltkveldar. 
Premieutdeling vårturnering første sommarbridgekveld 9. mai. Individuell samanlagtliste, pengepremiar til 1.-8., vin til 10.-15.

Tysdag 25. april spelte vi simultanturnering
(som også tel med i Vårturneringa) - resultat landssamanlikning.

Resultat frå langfredagsturneringaOve Meling Lunde - Helge Strøm vann, på andre Jan Erik Olsen - Torild Heskje og på tredje Sigurd Østebøvik - Jim Høyland.

KM-par resultat her

Klubbmeisterskap - par 2017 (9 kveldar - 7 tel)
Resultat: 24.01. - 31.1. - 7.2. - 14.2. - 21.2. - 7.3. - 14.3. - 21.3. - 28.3. - Samanlagt
Klubbmeistrar 2017 blei Dag Inge Torgersen - Jomar Lygre Undheim. På andre Torild Heskje - John Helge Herland og på tredje Reidar Laland - Ingvar Erga. Vi gratulerer.

Resultat simultan 28.2. - lokalt - på landsbasis

God innsats av Klepp-spelarar i NM for damelag. Gratulerer til Torild Heskje med ny NM-tittel.

Tett med Klepp-spelarar i toppen på Dalanetreffen 25. februar - heilt på topp Jomar og Dag Inge, heile lista her.

Divisjonsspeling på Bryne 5.-16.11. og 4.-5.2. - 3. divisjon - 4. divisjon + 3. div. Haugesund. Resultat frå 1. og 2. divisjon finn de her.

Resultat simultanturnering 17.1.: Lokalt - landssamanlikning

Første- og andredivisjon spelte første helg 28.10. - 30.10. Heile 5 lag frå Rogaland deltok. Skuffande innsats i 1. divisjon, men lovande takter i 2. Du finn resultata her.

Resultat simultanturnering (lokalt) 25. oktober - landssamanlikninga her.

KM Mix/Rogalandsmixen 22.10. blei vunnen av Maiken B. Skaaren - Per Ove Egeli - heile resultatlista her.

Haugeturneringa 15. oktober blei vunnen av Inger Lill Olsen - Fred Arne Moen. Heile lista her.

Nærbøgiganten 8.-9. oktober blei vunnen av Torild Heskje - Gunn Tove Vist. Vi gratulerer! Sjå heile lista her.

Sommarbridgen 2016 er forlengst forbi. Samanlagt etter 15 kveldar vann Nils Steinsland framfor Jan Magnus Nyborg og Jan Muri.  Heile samanlagtlista her. (Klikk på datoar øvst i lista for enkeltkveldar).

Resultat frå Bridgefestivalen:
Hovudturneringar - Sideturneringar


Bridge for alle - Tenerife
Tilbod til både nye og litt meir erfarne bridgespelarar om kombinert kurs, turneringar og sydenferie. Planlagde arrangement i november og januar.
PS: Ein treng ikkje vera medlem for å delta - medlemskontingent for 2017 er inkludert i kursavgifta.
Meir informasjonsmateriell vil vera tilgjengeleg i klubben i august.


EM-for lag blei spelt i Budapest 16.-25. juni. "Vår eigen" Torild Heskje deltok i kvinneklassa. Ingen av dei norske laga klarte å hevde seg i toppen. Resultata kan du sjå her.

KM-lag 18.6. - resultat.

Etter at Snorre Aalberg valde å avslutte sin blogg anbefaler vi Nils Kvangraven sine sider for smått og stort om det som rører seg i bridgen - litt "overfokus" på Agder kan vi vel leve med :)

Vårturnering over 6 kveldar blei vunnen av Bente og Vetle Faag -  samanlagtliste her (klikk på datoane øvst i lista for enkeltkveldar).

Resultat frå maibridgen på Rubbestadneset.

Resultat frå storturneringa i Bergen: Meisterpulje - A-pulje

JÆRPÅSKEN 2016
38 par spelte langfredag. Reidar Lerbrekk - Fred Arne Moen vann. På andre Nils Steinsland - David Ueland og på tredje Erik Eliassen - Espen Anfinsen.
Heile resultatlista her.

Klubbmeisterskapet 2016 er ferdig - resultat 1. kveld (12.01.) - 2. kveld (26.1) - 3. kveld (2.2.) - 4. kveld (9.2.) - 5. kveld (23.2.) - 6. kveld (1.3.) - 7. kveld (8.3.) - 8. og siste kveld (15.3.)Samanlagt
Reidar Laland og Ingvar Erga er klubbmeistrar, par for 2016. På andre Arve Sonflå og Asle Grude og på "bronseplass" Ivar M Anfinsen og Eli Solheim - Vi gratulerer!

3. og 4. divisjon i Stavanger er feridgspelt.
  I 3. div. vann lag Heskje (Torild Heskje, Jan Erik Olsen, Fred Arne Moen, Gunn Tove Vist, Lise Blågestad og Åse Langeland - alle medlemmer i Klepp BK), etter  svært "close race" med lag Ueland, og rykkjer såleis opp til 2. divisjon. 
Heile lista for 3. div - avd. G
4. divisjon blei vunnen av eit Stavanger-lag med Rune Strøm, Arvid og Halvor Evertsen og Kjell Olav Kaland. På andre plass Klepplaget "NonStop" med Anne Lise Fjælberg, Rolf Paulsen, Reidar Lerbrekk og Tor Moi. Begge desse laga rykkjer opp til 3. divisjon.
Det var tre andre Klepp-lag med, men dei hevda seg ikkje i toppen av lista.
Heile lista for 4. div.
Vi gratulerer - og takkar alle Klepp-spelarar for innsatsen!


Årsmøte 19. januar unnagjort på ca 13 min. Arbeidet i klubben held fram med stø kurs. Rebekka Bjørkli Stangeland er ny i styret etter Jostein Høyland som hadde fråsagt seg attval.
Årsmelding - Rekneskap - Budsjett


Eit flott EM i Tromsø er over. Resultat, bulletinar m.m. finn de på
21. og 28 april spelte vi simultanturneringar, dvs at resultata etter 24 spel blir samanlikna med klubbar i heile landet.
Landsresultat simultan 21. april (378 par) - 28. april (415 par) og Odd Ingve Reve - Atle Lunde på 2. plass.

33 par deltok på
langfredag. Kjell Terje og Odd Ingve Reve vann. På andre Jomar Lygre Undheim - Thorleif Skimmeland og på tredje Jan Muri - Jan Fjælberg - heile lista her.


Frå jubileumsturneringa langfredag 2013 - lengst til høgre vinnarparet Atle Grefstad og Ingvald Søiland i spel mot Willy Myhre - Mona Lindstrøm. Heile 40 par deltok.


Vi har siste tida fått fleire nye bidragsytarar gjennom Grasrotandelen. Det set vi stor pris på, og sjølv om klubben har ein robust økonomi vil alle inntekter sjølvsagt vera kjærkomne. Vårt mål er å driva i ballanse, ikkje å auke eigenkapitalen. Å bidra gjennom Grasrotandelen kostar ikkje deg noko, men hjelper oss med å gjera tilbodet til deg som medlem og bridgespelar endå betre!

https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen/
Vårt organisasjonnummer er: 998304350

 

Klepp bridgeklubb
spelar kvar tysdag kl. 18.15 - 22.00 i Klepphallen (sjå kart).

Alle velkomne!
Manglar du makker - ta kontakt med Bjørn på tlf. 99 62 65 79 - bruk e-post eller vår Facebook side.

Klubben brukar   Bridgemate - elektroniske bordterminalar - ha medlemsnummeret ditt for hand.





Sidene presenterer seg best med Google Chrome  og er ikkje tilpassa  telefon